Vik Ørsta AS er det største enkeltselskapet i Saferoad-konsernet i Norge med ca. 300 tilsette. Vi produserer og leverer produkt innanfor marknadsområda Rekkverk, Bergsikring, Lysmast og Marina. Bedrifta er lokalisert i Vik i Sogn og i Ørsta på Sunnmøre og har historie heilt tilbake frå 1947.
Vår historie
Det starta med kraft- og telegraflinjer i 1947 og har utvikla seg til høgkvalitets trafikksikringsprodukt som er med på å gjere livet på vegen tryggare.
Sjå heile historia vår
Vik Ørsta – ein del av Saferoad-konsernet
Saferoad-konsernet er ein leiande leverandør av sikkerheitsløysinga for vegar i Europa. Konsernet har meir enn 75 års erfaring og tilbyr eit breitt spekter av innovative høgkvalitetsprodukt og løysingar skreddarsydd for å auke sikkerheita for trafikantane. Selskapet er med på å legge premissane og utvikle framtida sine infrastrukturløysingar.
Selskapet har 2500 medarbeidarar i 13 land. Bli betre kjent med korleis Saferoad bidreg til eit tryggare liv på vegen, besøk våre nettsider her: www.saferoad.com
Våre verdiar
Omtanke – Omtanke er motoren i vårt oppdrag i å gjere livet på vegen tryggare. Vi bryr oss om folk på veg, kundane våre, dei tilsette og miljøet.
Driv – Våre medarbeidarar er energien som driv motoren vår. Med vår motiverande og drivande bedriftskultur er vi alltid på veg framover og jobbar for å vere leiande i våre marknadar.
Integritet – Integritet er kompasset vi brukar for å navigere handlingane våre etter. Vi er profesjonelle, pålitelege og ivrige etter å dele kunnskapen vi har både med kvarandre og dei rundt oss.
Vik Ørsta og miljø
Vi meiner at norsk industri og lokal produksjon er vegen å gå når verda saman skal løyse dei globale miljøutfordringane.
Med fokus på miljøet
Sponsing
Vi ser at den frivillige innsatsen gjer bygdene våre meir attraktive å bu og arbeide i og sponsar difor frivillige lag og organisasjonar i Vik i Sogn og i Ørsta. Omkringliggande kommunar med interkommunale tilbod kan også søke om støtte.
- I hovudsak ønsker vi å sponse aktivitetar som legg til rette for born og ungdom.
- Sponsormidlane blir delt ut årleg.
- Fristen for å søke er 1. februar.
Send din søknad på e-post til ann.helen.krovel@vikorsta.no