Vår historie

Det starta med kraft- og telegraflinjer i 1947 og har utvikla seg til høgkvalitets trafikksikringsprodukt som er med på å gjere livet på vegen tryggare. I 75 år har varmforsinka stål spelt hovudrolla medan produkta har fått fleire funksjonar og blitt meir avanserte. I dag er Vik Ørsta leiande leverandør av rekkverk, bergsikring, lysmaster og marinaanlegg. Produsert og levert frå bygdene Vik og Ørsta.

ørsta stålindustri

  • 1947 – Ørsta Stålindustri blir skipa av Kåre Aam, Henrik Bjørdal og Paul Bjørdal.
  • 1969 – Vik Verk blir etablert som ei avdeling av Årdal og Sunndal verk.
  • 1987 – konsernet Ørsta Stål blir etablert.
  • 2000 – Ørsta-gruppen blir etablert med mellom anna Ørsta Stål, Ørsta Marina Systems, Smekab AB.
  • 2006 – Ørsta-gruppen og Euroskilt fusjonerer og dannar Saferoad. Konkurrentane Ørsta Stål og Vik Verk fusjonerer og blir Vik Ørsta, det største selskapet i Saferoad.
  • 2012 – Ørsta Marina Systems blir Vik Ørsta Marina.
  • 2021 – Stolper AS blir til Vik Ørsta Design.
  • 2022 – Vik Ørsta feirer 75 år!
fns bærekraftsmål

Vi jobbar mot bærekraftsmåla til FN

Vi driv vår verksemd på ein slik måte at miljøet vert minst mogleg belasta.

Les vår miljøpolicy