Industriproduksjon

I tillegg til våre eigne produkt er vi også ein komplett leverandør av avansert industriproduksjon av stål. Vi leverer til alle bransjar og kan hjelpe deg med det meste av stålarbeid av større dimensjonar. Treng du stålplater til fasader eller pulverlakkering av eigne produkt? Ta kontakt for tilbod.

regalving av brukte master

Varmforsinking frå A til Å

Vik Ørsta tilbyr varmforsinking som ei trygg og effektiv behandling for å beskytte stål mot rust og slitasje. Varmforsinking er ein spesifikk type galvanisering der ein dyppar stålet i smelta sink, for å skape eit slitesterkt belegg som gir varig vern mot korrosjon.

Les meir

Mekanisk arbeid

Vi kan avansert stålarbeid, og kan bistå med:

  • Laserskjering av stål i plate-, profil- eller rørform
  • Sveising
  • Gjenging, kapping og stuking

Ta kontakt

Har du behov for eksperthjelp til stålet ditt? Ta kontakt, så sikrar vi eit resultat som varer.

Varmforsinking eller pulverlakkering?

  • Vi kan ta opptil 12 m lengde og har krankapasitet på inntil 2 x 5 tonn.
  • CombiCoat® er Vik Ørsta sitt unike varemerke for duplex-systemet varmforsinking, sinkmanganfosfatering og pulverlakkering i eit.
  • Vi har historie med varmforsinking av stål heilt tilbake frå 1947.

Last ned

Pulverlakkert stige blir internkontrollert

Overflatebehandling

CombiCoat® er vår unike overflatebehandling. Behandlinga gir overflata ein lekker finish og kan doble levetida.

Les meir