
Varmforsinking
Vik Ørsta tilbyr varmforsinking som ei trygg og effektiv behandling for å beskytte stål mot rust og slitasje. Varmforsinking er ein spesifikk type galvanisering der ein dyppar stålet i smelta sink, for å skape eit slitesterkt belegg som gir varig vern mot korrosjon. Denne metoden passar for alt frå små komponentar til store konstruksjonar og sikrar at stålprodukta dine toler krevjande miljø over lang tid.
Stål er eit av dei viktigaste byggjemateriala i verda, men det er sårbart for rust og nedbryting over tid. For å sikre at stålet held seg sterkt og funksjonelt i krevjande miljø, er det nødvendig med effektiv rustbeskyttelse.
Varmforsinking er ei av dei beste og mest rimelege metodane for å beskytte stål mot korrosjon, og sinken har også sjølvreparerande eigenskapar. Dette gjer at den reagerer dersom eit område på stålet blir skadd og dannar eit galvanisk element som hindrar rust i å spreie seg.
Vi har drive med varmforsinking sidan 1947. Hos oss kan du vere trygg på at jobben blir gjort av erfarne medarbeidarar med høg kvalitet i henhold til standard.
Varmforsinkings-prosessen frå A til Å
1
Kontroll av konstruksjonen
På konstruksjonar som er innehola sjekkar vi at nødvendige luftehol er på plass. Desse hola må vere på plass for at luft og væske kan sleppe ut når holromma blir fylt opp av sink. Rett plassering av hola er avgjerande for tryggleik og kvalitet gjennom prosessen.
Når konstruksjonen er kontrollerte for nok luftehol, heng vi opp produkta med stålvaierar eller krokar og brukar vogner og kraner for å flytte dei rundt.
2
Førebuing av stålet
Det neste steget er å reingjere overflata grundig. Vi fjernar feitt, rust og smuss gjennom avfetting, syrebeising og fluksbehandling. Dette sikrar at sinken får god vedheft til stålet.
3
Sjølve varmforsinkinga
Når stålet er klart, dyppar vi det i eit sinkbad med temperatur på rundt 460 grader celsius. Smelta sink fyller holromma i konstruksjonen og når sink og stål reagerer dannar dei ei jern-sink legering. Legeringa er oppbygd av ulike jern-sink fasar med avtakande jerninnhald ut mot overflata. Ytterst er det normalt eit reint sinksjikt.
For å beskytte området og arbeidsfolka våre, brukar vi eit deksel over sinkbadet medan stålet blir senka ned. Under prosessen fjernar vi oksid og fluksrestar frå overflata for å sikre at det ferdige stålet får ei jamn og rein overflate.
4
Etterarbeid og kontroll
Når stålet kjem opp frå sinkbadet, fjernar vi sinkrestar og drypp for å sikre at overflata blir fin. Etter at stålet er avkjøpt er det kontroll, etterarbeid og pakking til vidare pulverlakkering eller transport ut til kunde.
5
Resultatet
Den ferdige varmforsinkinga gir stålet langvarig vern mot rust, både på innsida og utsida. Grundig førebuing og nøyaktig arbeid sikrar at produkta våre møter dei høgaste standardane for tryggleik og kvalitet.
Verdifull ressurs
Sink er ikkje berre eit effektivt materiale for å beskytte stål, men også ein berekraftig måte å gjere det på. Ved å forlenge levetida betydeleg, reduserer ein behovet for hyppige utskiftingar og produksjon av nytt stål.
Dessutan kan sink resirkulerast utan tap av kvalitet, noko som gjer det til ein verdifull ressurs i ein sirkulær økonomi.

Medlem av Nordic Galvanizers
Vi er medlem av Nordic Galvanizers.
Sjekk ut deira film som viser varmforsinkingsprosessen frå start til slutt.
Her ser du også korleis holbildet bør vere på dine produkt før varmforsinking.
Pulverlakkering i tillegg?
Den varmforsinka overflata har ei rein og profesjonell utsjånad som kan brukast som den er, eller pulverlakkerast i ønska farge. Ved å legge til pulverlakkering på toppen av den varmforsinka overflata får du ei duplex-behandling.
Vårt registrerte varemerke CombiCoat er eit duplex-systemet med varmforsinking, sinkmanganfosfatering og pulverlakkering, som gir ekstra korrosjonsvern og ekstra levetid på produktet.