Søk om sponsormidlar

Vi ser at frivillig innsats gjer bygdene våre meir attraktive å bu og jobbe i, og sponsar difor lag og organisasjonar som skaper aktivitet for born og ungdom. Vi ønskjer å støtte tiltak som bidreg til fellesskap og trivsel i lokalsamfunnet.

Desse støttar vi:

    • Frivillige lag og organisasjonar
    • Aktivitetar som i hovudsak legg til rette for born og ungdom
    • Aktivitetar som går føre seg i kommunane Vik i Sogn eller i Ørsta. Omkringliggande kommunar med interkommunale tilbod kan også søke

Vi støttar ikkje

  • Aktivitetar eller investeringar som er det offentlege sitt ansvar
  • Vedlikehald eller oppføring av bygg
  • Enkeltutøvarar
  • Enkeltpersonar sine prosjekt, til dømes utstillingar, konsertar og utgivingar
  • Skuleturar
  • Russebil/arrangement/feiring

Søknadsfrist: 1. februar

Fortel oss litt om organisasjonen eller laget ditt, og kva de søkjer støtte til.
Søknad sendast til anita.stokke@vikorsta.no