Ingrid Marie Myklebust Haaseth (29) er tilsett i den nyoppretta stillinga som ESG-ansvarleg i Vik Ørsta og i Saferoad sin divisjon Infrastructure.
– Fagfeltet er ein spennande kombinasjon av jus og politikk, som eg fekk augene opp for då eg skreiv masteroppgåva mi om openheitslova, fortel Haaseth. At ei lokal industribedrift som Vik Ørsta satsar stort på ESG-feltet synest eg er moro, og det viser at dei meiner alvor.
Viktig satsingsområde
Den engelske forkortinga ESG står for Environmental, Social and Governance. På norsk kallar vi det klima og miljø, sosiale forhold og ansvarleg og etisk forretningsstyring. Dette handlar i høg grad om bedrifta si vilje til å vere berekraftige og korleis ein måler og vurderer dette.
– Vi meiner at vi er best på marknaden på dette området, men alle kan sjølvsagt bli endå betre. For å ta oss til det neste nivået, vel vi å bruke ressursar og satse vidare med ei eiga stilling, fortel administrerande direktør Kjetil Nesset i Vik Ørsta.
– Når vi no har fått på plass Ingrid, som er engasjert, nyutdanna og klar for utfordringa, ligg alt til rette for at berekraftsarbeidet vårt skal bli endå meir målbart, betre systematisert og dokumentert. Dette er viktig både for oss, kundane og eigarane våre, som ser på dette som eit viktig satsingsområde, seier Nesset.
Flyttar til Hjørundfjorden
Då moglegheita opna seg for Myklebust Haaseth, pakka ho flyttelasset i Bergen og sette kursen mot Hjørundfjorden. Etter ni sommarsesongar som vertskap på Hotel Union på Øye, kjenner ho området godt og har no flytta inn hos bestefar på Leknes.
– Å få arbeide midt mellom fjord og fjell, i ei bedrift eg har høyrt mykje godt om, er midt i blinken for meg, seier Haaseth. No kan eg kombinere fjell og friluftsliv med eit spennande fagfelt, som kjem til å utvikle seg vidare framover.
– Det viktigaste framover blir å samle, systematisere og bli kjent med det som allereie finst i bedrifta. Så håpar eg at dette på sikt vil både effektivisere og tydeleggjere arbeidet Vik Ørsta gjer mot ESG. Ikkje berre skal bedrifta halde fram med å vere ein god arbeidsplass, men vi skal vere tydelege, som ein ansvarsbevisst aktør i norsk industri, avsluttar Myklebust Haaseth.