Alle artikler

Moderne og energieffektiv profillaser på plass i Vik Ørsta

Det er spennande tider i Vik Ørsta, når avdelinga i Hovden har fått på plass den mest moderne og energieffektive profillaseren ein finn på marknaden. Etter ein grundig prosess med vurderingar, testskjeringar og risikoanalyse, er det ein fornøgd gjeng, som er klare for å ta i bruk maskina.

Ny profillaser i Hovden. F.v Stein Skår, Pål Aakre, Joachim H. Slettevoll og Ronny Follestad

– Laserteknologien blei innført i Vik Ørsta på 90-tallet og det har vist seg å vere ein suksess. Vi har erfart at med denne teknologien ligg alt til rette for innovasjon og meir effektiv produksjon.

Den nye maskina har ei investeringsramme på rundt 18 millionar kroner og hindrar at det oppstår flaskehals i produksjonsprosessen. Med topp moderne laserteknologi er profillaseren difor ei strategisk viktig investering for framtida, seier fabrikksjef Henning Melle i Vik Ørsta.

Om lag 70 % av alle produkta som Vik Ørsta produserer inneheld ein eller fleire komponentar frå laserskjeraren. Maskina er difor heilt sentral i produksjonen av lysmastprodukt, brurekkverk og marina.

Ny profillaser under montering hos Vik Ørsta

Nokre av fordelane med den nye maskina er at den er svært energieffektiv og har vesentleg mindre gassbehov enn den gamle, som har vore i bruk i over 18 år. Bedrifta har stor tru på at laseren gjer det mogleg å utvikle nye produkt og bidreg til meir fleksibilitet i produksjonen.

Dette er også eit viktig steg i arbeidet med ESG (klima og miljø, sosiale forhold og ansvarleg og etisk forretningsstyring), der mest mogleg berekraftig produksjon er eit mål.

Fabrikksjef Henning Melle og avdelingsleiar Asle Martin Svastuen gler seg til den nye maskina kan takast i bruk.

Framtidas teknologi

Prosessen med å skaffe ny maskin starta allereie i 2021. Det blei utarbeidd business case og risikoanalyse, og utført ei rekke testskjeringar både i Sverige, Japan og Italia.

Eit grundig forarbeid og vurdering av leverandør har vore viktig for Vik Ørsta heile vegen, og bedrifta er heilt trygge på at maskina gjer sitt for å levere produkt med topp kvalitet.

– Vi kan køyre alle typar stålrøyr og spesialprofilar med større dimensjonar gjennom maskina i éin prosess og det er jo heilt klart effektivt og meir framtidsretta.

No er vi i full gang med å montere saman med leverandør og satsar på opplæring og oppstart i midten av september, avsluttar avdelingsleiar for vedlikehald Asle Martin Svastuen i Vik Ørsta.