Rekkverk
Nytt skinnerekkverk: Vik eo
Det nye skinnebaserte Vik eo er eit nytt H2 vegrekkverk utan bruk av bakskinne. Dette gjev lavare materialkostnader og raskare montering samanlikna med andre rekkverk med styrkeklasse H2.
Populær vegskinne
– Høgare stålkvalitet i både skinne og stolpar gjer at ein ikkje treng bakskinne på dette rekkverket. I tillegg har vi auka stolpeavstanden frå 1,00 m til 1,33 m, fortel salssjef Lars Michal Holstad. Dette gjev raskare montering og har gjort Vik eo til eit etterspurt produkt som vi er glade for å kunne tilby.
Nye krav
Vik eo er utvikla fordi det generelt er meir bruk av rekkverk med høgare styrkeklasser langs vegane i Noreg og på grunn av dei nye krava som spesifiserer at det no skal vere rekkverk med styrkeklasse H2 før og etter ei bru i tillegg til på sjølve brua.
Totalleverandør av rekkverk
Vik Ørsta leverer rekkverk både til bru, veg, gang og sykkelveg og sortimentet inneheld alle typar strykeklasser som blir brukt i Norge. – Vi brukar mykje tid og ressursar på å utvikle nye rekkverk slik at vi skal kunne tilby eit breiast mogleg spekter av produkt, fortel Lars Michal.
Med nye produkt må også overgangar og tilbehør utviklast og godkjennast. Dokumentasjon og verifisering av dette er omfattande arbeid. – Vi er ein totalleverandør for kundane våre og designar også spesialløysingar til prosjekt der standard ikkje passar, avsluttar Lars Michal.