Verdas første Industridag i Vik gjekk av stabelen 1. oktober og blei ein suksess, der norsk industri og trafikksikring fekk velfortent merksemd. Statsminister Jonas Gahr Støre, vegdirektør Ingrid Dahl Hovland og CEO strategi og bærekraft Veidekke Lars Erik Lund var på plass og deltok i samtale og diskusjon.
55 år sidan sist statsministerbesøk
Tidlegare statsminister Per Borten besøkte Vik i 1969 i høve opninga av Vik Verk. 55 år er alt for lenge sidan meinte statsminster Jonas Gahr Støre, og beklaga at det hadde gått så mange år sidan eit statsministerbesøk i fabrikken.
Skal ein tru fabrikksjef Gro Mykkeltvedt, gjorde det ingenting når dagen var omme.
– At statsminister Jonas Gahr Støre tek seg tid til å kome hit til Vik Ørsta for å sjå og lære om oss og kva utfordringar vi står synest eg vi skal ta som ein stor kompliment, seier Mykkeltvedt. Og når han i tillegg er interessert, stiller spørsmål og lovar å ta med seg våre innspel tilbake så gjer det ingenting at det er 55 år sidan sist.
Eit hårete mål
Industridagen i Vik hadde ikkje sett dagens lys om det ikkje var for ein vill idé og inderleg engasjement frå Mykkeltvedt. Tidlegare i år kjende ho på utfordringane som norsk industri står ovanfor og sende då eit brev til statsministeren, med invitasjon til Vik. Det gjekk ikkje lang tid før svaret kom og ja, han ville sjølvsagt kome. Industridagen var eit faktum.
Leif Arve Voll har arbeidd i Vik Ørsta i 50 år. Han fekk æra av å vise statsministeren og dei andre gjestane rundt i produksjonen og fortalde om korleis bedrifta produserer stålrekkverk.
– Det tykte eg var ekstra fint at Leifen ville ta på seg, seier Mykkeltvedt. Ingen kjenner oss betre enn han, som har vore med på ei enorm utvikling sidan han starta på 70-tallet.
Miljøvennleg produksjon i Norge
Administrerande direktør Kjetil Nesset i Vik Ørsta, tok over stafettpinnen og presenterte bedrifta og korleis det blir jobba målretta for å ha ein miljøvennleg produksjon.
Med strenge norske miljøkrav og eigarar som aktivt jobbar for at miljø skal vere ein naturleg del av strategien, er Vik Ørsta eit betre val enn produksjon i andre delar av verda. Men det hjelp lite, når ein ikkje får konkurrerer på like vilkår.
Kjetil Nesset sa tydeleg frå at Vik Ørsta meiner det er uakseptabelt at den norske stat kjøper produkt frå land som ikkje sanksjonerer mot Russland, og på den måten svekker effekten av sanksjonane dei sjølve har innført.
Etterpå heldt Jonas Gahr Støre innlegg, og peika også på konkurransesituasjonen med resten av verda som ei stor utfordring. Han meiner Industridag i Vik kan bli ein fin tradisjon og takka for invitasjonen.
Utdatert rekkverk og problematisk regelverk
Så var det tid for sofaprat med Dahl Hovland og Lund, saman med ordstyrar Nesset. I tillegg deltok dagleg leiar Marianne Gjerde, i Arvid Gjerde A/S og prosjektleiar Irene Uldal Kåsa i Mesta.
Det var gode diskusjonar om utfordringar med moderne køyretøy og kor lite dagens rekkverk toler, og korleis ein vektar miljødelen i offentlege tilbod. Alle var einige om at ein må jobbe tettare saman framover.
Psykisk helse på arbeidsplassen
Til slutt fortalde Lund si eiga historie om korleis det er å leve med psykisk sjukdom. Han snakka om kor viktig det er for alle å høyre til ein stad, oppleve meining og ha kontroll, og drog parallellar til arbeidsplassen.
Han avslutta med å understreke kor viktig det er å jobbe for at alle skal kjenne psykologisk tryggleik og kunne vere seg sjølv på arbeidsplassen sin. Det heile var ein fin kick-start på månaden som gir ekstra merksemd til psykisk helse: Verdsdagen for psykisk helse.