Miljøpolicy

Vi driv vår verksemd på ein slik måte at miljøet vert minst mogleg belasta. Ved å fylgje pålagde lover og forskrifter jobbar Vik Ørsta for å kontinuerleg forbetre vår miljøprestasjon.

fns bærekraftsmål

FN sine berekraftsmål

Agenda 2030 er 17 globale mål for berekraftig utvikling med sikte på å utrydde fattigdom, stoppe klimaendringar og skape fredlege og sikre samfunn.
I Saferoad har vi valt å fokusere på mål 3, 9 og 12:

Mål 3: God helse og livskvalitet

Mål 3 handlar om å sikre sunne liv og fremme trivsel for folk i alle alder. Dette inkluderer blant anna å redusere talet på omkomne og skadde i vegtrafikken.

Vi jobbar aktivt både med produkta våre og kunnskapen vår for å skape tryggare vegar. I tillegg til å hjelpe kundane våre med å velje det mest passande produktet for prosjektet deira, deler vi også vår kunnskap gjennom seminar, i sosiale medium og til myndigheitene.

Ved å levere høgkvalitetsprodukt som er laga for å auke trafikksikkerheita, og ved å dele vår kunnskap, ønsker vi å auke sikkerheitsnivået i heile bransjen.

Mål 9: Berekraftig industri, innovasjon og infrastruktur

Mål 9 handlar om å bygge solid infrastruktur, fremme inkluderande og berekraftig industrialisering og innovasjon.

I Vik Ørsta oppfordrar vi våre medarbeidarar til å kome med innspel og nye idear for å utvikle eksisterande eller nye prosessar og produkt. Dette fører til produktforbetringar samt meir effektive og sikrare rutinar.

Berre seinaste åra viser det igjen ved at vi med eigne ressursar har bygd ei heilt ny og automatisert linje for produksjon av lysmaster.

berekraftsmål 9
berekraftsmål 12

Mål 12: Berekraftig forbruk og produksjon

Mål 12 handlar om å sikre strukturar som bidreg til meir berekraftig forbruk og produksjon. Det handlar blant anna om å handtere kjemikaliar og farleg avfall på ein ansvarleg måte, redusere mengda avfall og bruke berekraftige metodar og berekraftsrapportering.

Vi har alltid optimalisert produkta våre. Vi gjer dette sjølvsagt for at kundane skal få eit produkt som fungerer best mogleg, men også slik at produktet ikkje treng å vere unødvendig kraftig. På den måten unngår vi å bruke meir materiale enn naudsynt og sparer både unødvendig materiale og vekt under transport.

I tillegg jobbar vi for å sikre at det blir minst mogleg avfall og gjere prosessane våre så effektive og miljøvenlege som mogleg.

Våre miljømål 2021-2025

  • Vi skal begrense mengde skyllevatn i galveprosess til 1 m3/time.
  • Vik Ørsta skal maksimalt levere 40 % restavfall (skille ut papir, plast etc).
  • Kvart år skal vi redusere energiforbruket basert på teoretisk like forhold.
  • EPD skal kunne leverast ved alle førespurnader.
  • Tilgjengeleg substitusjon for alle farlege kjemikaliar skal brukast.

ISO 14001 – Sertifisering av leiingssystem for miljø

Sidan år 2000 har vi vore sertifisert etter verdas mest anerkjente standard for miljøstyring. Dette er noko vi held høgt og er stolte av. Sertifiseringa betyr at vi har eit styringssystem på plass for å minimalisere negativ miljøpåverking på ein strukturert og systematisk måte. Dette legg til rette for ein berekraftig vekst der vi heile tida har fokus på korleis vi kan redusere påverkinga av miljøet, både no og i framtida.

ISO 9001 – Sertifisering av kvalitetssystem

Sertifikatet er eit bevis på at vi jobbar aktivt for å møte krav og forventningar til kvalitet og kundetilfredsheit. Ved å følgje standarden for kvalitetsleiing er vi i stand til å jobbe meir målretta med bedrifta sine system og prosessar. Vi har fokus på kunde, leiing, menneskeleg engasjement, prosesstankegang, forbetring, bevisbaserte avgjersle og relasjonsleiing.

Last ned vårt ISO 14001 og 9001-sertifikat her