sandvika rundkjøring glenn røkeberg_2

Historia vår

Det starta med kraft- og telegraflinjer i 1947 og har utvikla seg til høgkvalitets trafikksikringsprodukt som er med på å gjere livet på vegen tryggare. I 75 år har varmforsinka stål spelt hovudrolla medan produkta har fått fleire funksjonar og blitt meir avanserte. I dag er Vik Ørsta leiande leverandør av rekkverk, bergsikring, lysmaster, design og marinaanlegg. Produsert og levert frå bygdene Vik og Ørsta.

1947

Starten

Ørsta Stålindustri blir skipa av Kåre Aam, Henrik Bjørdal og Paul Bjørdal. Med ein aksjekapital på 40.000 kroner startar dei selskapet som skal drive framstilling av armatur og beslag til kraft- og telegraflinjer, og andre jarn- og stålprodukt. Same år opnar fabrikken på 120 m2.

1955

Ny fabrikk

Ordrane strøymer på, og verksemda flyttar inn i ein ny fabrikk på nesten 1000 m2. Frå 1955 til 1957 doblar dei omsetjinga og landar på 1,35 millionar kr.

1969

Vik Verk

Vik Verk blir etablert som ei avdeling av Årdal og Sunndal Verk. Vik Verk skal arbeide med utvikling av vegsikringsutstyr i stål og aluminium.

1972 1978

Utviding og omsetningsvekst

I 1972 utvidar Ørsta Stålindustri med ein ny verkstad på 2.300 m2, og i 1978 blir denne bygd dobbelt så stor. Boltar til fjellsikring ved tunnelarbeid blir ein ny suksess og verksemda sin første eksportartikkel. I denne perioden blir omsetninga femdobla til vel 66 millionar kr.

1987

Nyorganisering og nyvinningar

Konsernet Ørsta Stål blir etablert.

Dette året blir den nye overflatebehandlingsteknologien som kombinerer varmforsinking, sinkfosfatering og pulverlakkering lansert. Namnet blir CombiCoat®.

2000

Ørsta-gruppen blir etablert

Ørsta-gruppen blir etablert med mellom anna Ørsta Stål, Ørsta Marina Systems og Smekab AB.

2006-2008

Vik Ørsta blir til

Ørsta-gruppen og Euroskilt fusjonerer og dannar Saferoad. Konkurrentane Ørsta Stål og Vik Verk fusjonerer og blir Vik Ørsta, det største selskapet i Saferoad.

2013

Vik Ørsta Marina

Ørsta Marina Systems blir til avdeling Marina i Vik Ørsta.

2021

Vik Ørsta Design

Saferoad-selskapet Stolper AS blir til avdeling Design i Vik Ørsta og tilbyr lysmaster i tre, aluminium, kompositt og støpejern i tillegg til stål.

skorgeura

Heile historia

Vik Ørsta feirar 75 årsjubileum, og her er historia om to stolte verksemder som vart ei. Framleis er vi sikre på at norsk industri er vegen å gå, og vi har fullt fokus framover.

Byrjinga

3. januar 1947 held dei tre ørstingane Kåre Aam, Henrik Bjørdal og Paul Bjørdal skipingsmøte og teikna selskapet A/S Stålindustri, seinare Ørsta Stålindustri A/S. Kåre hadde bakgrunn som konstruktør i Noregs Vassdrags- og Elektrisitetsvesen og deretter som driftsingeniør hos Brødr. Berntsen A/S og tok med seg gode kunnskapar om blant anna kraftlinjer, materiell og straumforsyning, teikning av armatur og anna utstyr samt varmforsinking som prosess.

Henrik og Paul var tvillingar og hadde begge erfaring frå smia til faren, der dei lærte både tradisjonell smiding og mekanisk arbeid. Henrik kunne produsere kva det skulle vere, noko som kom godt med under krigen då det var stor varemangel. Paul var utdanna ingeniør frå den tekniske skulen i Trondheim og hadde jobba som driftsassistent ved Grepa og Mjelva Fabrikker, som produserte elektriske komfyrar og barnevogner.

grunnleggjarane ørsta stålindustri

Med deira samla spisskompetanse samt ein aksjekapital på 40.000 kroner – 10.000 frå kvar i kontantar pluss maskiner verdsett til 10.000 kroner frå Henrik – låg alt til rette for ein solid start for selskapet som hadde som klart definert mål å drive framstilling av armatur og beslag til kraft- og telegraflinjer, og andre jarn- og stålprodukt.

I april starta jobben med å planlegge fabrikkbygget på den 1620 m2 store tomta dei hadde kjøpt på Mork i Ørsta for 6.500 kroner. Medan dei venta på at fabrikken skulle stå klar, gav far til Paul og Henrik dei plass i smia så produksjonen kunne kome i gong.

Dei førsta oppdraga

Den første ordren til A/S Stålindustri var ein serie traverser til Ulstein El-verk.

Dei fekk også fleire andre oppdrag, mellom anna ein ordre frå Noregs Vassdragsvesen. Alt vart laga til inne i smia, medan mønjing blei gjort utandørs når veret tillèt det. Med tid og stunde stod fabrikken klar, og dei tre kjøpte inn brukte maskiner etter krigen, som Henrik klarte å sette i stand. Men før dei kom ordentleg i gong, var tre blitt til to.

Henrik hadde kjend seg kalla attende til læraryrket og songen, som hadde vore hans gjerning før krigen, og i september 1947 var tida hans over i den bedrifta han hadde vore med å starte. Dermed delte Paul og Kåre leiinga mellom seg, med Paul som driftsstyrar og Kåre som forretningsførar og dagleg leiar. Saman skulle dei utvikle nye oppfinningar, konstruksjonar og typar. No kunne eventyret begynne for fullt!

første fabrikken

Første fabrikken

I november 1947 stod den nye fabrikken på 300 m2 ferdig. Etter at maskiner og utstyr var montert, konstruerte Kåre eit varmforsinkingsbad, og innan året var omme kunne dei to, saman med eit par nye medarbeidarar, sette verksemda i gang.

Det første året produserte dei linjemateriell til lokale elverk og beslag til møbelindustrien, og omsette for 100.000,- kroner. Det same året slutta Paul Bjørdal for å ta over verksemda etter sin sjuke far.

Kåre Aam vart offisielt tilsett som disponent i 1950. Paul og Henrik Bjørdal sat framleis i styret, men hadde ingen leiande stillingar. Same år vart fabrikken utvida med 120 m2, og året etter vart det bygd eit nytt lager på 120 m2. Dei komande åra vart både den lokale møbelindustrien og kraftlag over heile Noreg storkundar. I 1953 omsette Ørsta Stålindustri A/S for 600.000 kroner og talde 18 tilsette.

Ny fabrikk i Skorgeura

Først fabrikk i Skorgeura Vik Ørsta

I 1955 flytta verksemda inn i ein heilt ny fabrikk på nesten 1.000 m2.

Gjennom 50-talet strøymde ordrane på, og omsetjinga i 1957 var på 1,35 millionar kroner. Dette året spurde Ålesund E-verk om Ørsta Stålindustri kunne tenkje seg å lage nokre lysmaster, og etter å ha funne ein metode for å sveise saman dei lange mastene etter galvanisering, vart dei første veglysmastene levert i 1958.

Ti år seinare, i 1968, utvida ein varmforsinkingsanlegget og mastene kunne no galvaniserast i heile lengder. Dette blei starten på det som skulle verte eit av hovudprodukta til verksemda, og sidan 1957 har Ørsta Stålindustri spela ei avgjerande rolle innan produktutviklinga av veglysmaster i Noreg.

galvanisering i heile lengder

På 60-talet var verksemda på stadig jakt etter nye produkt, og eit av desse vart flaggstenger. Produksjonsmetoden var ikkje ulik den ein nytta til lysmaster, og dermed kunne ein produsere lysmaster om hausten og flaggstenger om våren.

I 1964 presenterte Ørsta Stålindustri ei produktlinje med galvaniserte fjøsinnreiingar for det norske landbruket. Etter ein litt trong start, gjorde dei året etter ein distribusjonsavtale med Alfa Laval, og brått var dei blitt storleverandør til landbruksmarknaden. Etterspørselen var så stor at på eit tidspunkt utgjorde salet til landbruket meir enn 45 prosent av verksemdas totalomsetning. Ei anna produktgruppe var den ein gav tittelen “Hus og Hage”, som mellom anna omfatta flaggstenger, stålstigar, kle-tørkestativ, portar og trapper. Her var marknaden stor heile året.

Frå 1965 til 1972 auka omsetninga frå 3,1 til 14,3 millionar kroner.  Denne femdoblinga var ein klar indikasjon på kor selskapet var på veg økonomisk, og sidan har pila konsekvent peika oppover. Sjølv i nedgangstider har bedrifta hatt solid økonomi.

vik verk blir til

Vik Verk blir til

I 1969 kom ein ny aktør på marknaden. I Vik i Sogn vart Vik Verk etablert med det syfte at Sogn og Fjordane burde få ta større del i foredlinga av aluminium, sidan dei var leverandør av kraft til aluminiumsindustrien. Vik Verk blei ei avdeling av Årdal og Sunndal Verk som på denne tida var eigd av staten. Bedrifta blei opna av statsminister Per Borten og Vik Verk skulle arbeide med utvikling av vegsikringsutstyr i stål og aluminium.

Fjellsikring i Ørsta

I 1972 utvida Ørsta Stålindustri med ein ny verkstad i Hovden, med produksjonshall på 2.300 m2 og velferdsrom på 400 m2. Etter kort tid var denne og blitt for liten, og i 1978 vart han bygd dobbelt så stor. Samstundes gjekk diskusjonen i styremøter stadig om nye produkt og produktområder. På midten av 70-talet fekk dei ein førespurnad om å lage boltar til fjellsikringa i samband med bygginga av Strynefjellsvegen og tunnelarbeida der. Dette skulle vise seg å vere perfekt for verksemda, og på få år vart fjellsikring både eit av dei viktigaste produktområda og det første produktet som gav ein eksportsuksess.

Statens Vegvesen

Statens Vegvesen var frå starten ein av hovudkundane til Vik Verk. I 1971 inngjekk Statens Vegvesen ein avtale med Vik Verk om kjøp av skinnerekkverk i stål. Desse blei godt mottekne, og etterkvart dominerande langs norske vegar. Vik tilbaud også montering av rekkverk og bruer samt produksjon av tunnelkledning, gang-bruer, himlingar, fasadar, skilt og trafikkportalar i aluminium og stål til kundar i Norge, Sverige og Island.

Ei moderne verksemd med EDB-løysingar

I perioden frå 1972 til 1982 vart omsetninga i Ørsta Stålindustri femdobla til vel 66 millionar kroner. Under denne tida hadde det skjedd eit lite generasjonsskifte i styret, og brørne Bjørdal hadde overlate sine aksjar og plassar i styret til sønene. Kåre Aam held seg i styret, men hadde kjent at tida var inne for å finne sin etterfølgjar og gav i 1983 frå seg plassen som administrerande direktør. På denne tida var Ørsta Stålindustri i ferd med å bli ei moderne verksemd med EDB-løysingar i administrasjonen og det blei jobba med å modernisere leiargruppa, utvide kapitalen og ta i bruk ny teknologi.

Avanserte robotar

I 1984 var verksemda først ute i bransjen med tilpassing av avanserte sveiserobotar i produksjonen. Dette var ei landevinning som kunne måle seg med teknologien til bilgiganten Volvo då han vart køyrt i gong i Ørsta.

Sveiserobot

Frå midten av 80-talet fekk Ørsta Stålindustri nok eit nytt produktområde, denne gongen i vatnet, med produksjon av flytebryggjer og marina-anlegg. Ein utvikla sitt eige marinakonsept med stor suksess, og diskuterte om det skulle satsast på oppdrettsanlegg eller oljeindustrien, men ein valde å la vere. I 1986 tok Kåre Aam mellombels over den daglege leiinga att, før ny administrerande direktør var på plass i 1987.

Lunsjpause i fabrikken på 80-talet
Lunsjpause i fabrikken på 80-talet

I 1986 vart Norsk Hydro eigar av Årdal og Sunndal Verk, og dermed også Vik Verk. Det blei starta utvikling av brannveggar til oljeplattformar og eigen produksjon av sigmastolpar. Produksjonshallane blei forbetra og det var fokus på produktforbetring og produkttilpassing. To nye hallar blei bygde, ein for tilbehøyr og ferdigvarer og ein for råvarer.

CombiCoat®

I Ørsta jobba ein hardt mot å fullføre pulverlakk-prosjektet som skulle perfeksjonere ein ny type korrosjonsvern. Dette, kombinert med varmforsinking, leia fram til det svært gode korrosjonsvernet som verksemda også er kjend for i dag, marknadsført under namnet CombiCoat®.

CombiCoat®

Med åra har Vik Ørsta utvikla fleire eigne patent som har vore med på å gje verksemda anerkjenning, både her heime og internasjonalt. Den første – og kan hende viktigaste – var utviklinga av den heilt spesielle overflatebehandlinga som fekk namnet CombiCoat®.

Prosessen kombinerer varmforsinking, sinkfosfatering og pulverlakkering av stål, og denne unike metoden reknast som den ypparste når det gjeld vern mot korrosjon og slitasje. Vik Ørsta kan, som den einaste aktøren i Norden, tilby CombiCoat® på stålkonstruksjonar heilt opp til 12 meters lengde og med ei tyngd på opptil 1000 kg.

Prisvinnande design

Der funksjonalitet og kvalitet heile vegen hadde vore det viktigaste med produkta til Ørsta Stålindustri, var ein no også nøydde til å tenke på det estetiske og samarbeidde difor med industridesignaren Odd Thorsen for å utvikle eit komplett produktutval med si eiga designlinje. Ambisjonane var store, og målsetjinga var sal i heile Norden samt eksport til resten av Europa. Det nye varemerket fekk namnet Publicus.

publicus
Publicus serien får merket for god design

Publicus-produkta fekk «Merket for godt design» både i 1989 og 1993.  Dette var den anerkjenninga som viste at verksemda hadde lykkast i å kombinere funksjonalitet og robuste løysingar med design.

Endringar og utfordringar

Det blei slutt på skiltproduksjon i Vik Verk etter at skiltavdelinga blei seld til Euroskilt. Åttitalet var også tiåret då dei offisielle forhandlaravtalane for rekkverk tredde i kraft.

skiltproduksjon
Skiltproduksjon i Vik

Trass i suksess for Ørsta Stålindustri på mange frontar, var det fleire utfordringar knytt til endringar i marknaden, aukande konkurranse utanfrå og lågkonjunktur. Det verka nødvendig med drastiske avgjersler, og på eit tidspunkt vurderte eigarane å selje bedrifta til ein svensk aktør. Slik vart det ikkje, og i staden valde ein å dele selskapet i to: eit driftsselskap og eit reint eigedomsselskap. Den tryggleiken dette gav førte til ein ny giv, både for dei tilsette og for leiinga i Ørsta Stålindustri.

Robotar og datateknologi

På åttitalet hadde Ørsta Stålindustri investert i moderne teknologi, mellom anna ei laserskjeremaskin for stålplater, nye robotar og ein datastyrt gjengeautomat. Ein var no marknadsleiar på området bergsikring, og dette – kombinert med eigne patentar – gjorde bedrifta til ein interessant samarbeidspartnar, også internasjonalt. Den patenterte CT-bolten vart lisensiert til eit amerikansk konsern, bergsikring leverte i Australia, master blei selde til De forente Arabiske Emirater og Dubai og gigantiske sandsiloar gjekk til Afrika.

Fleire spesialoppdrag, nye rekordar og nok ein pris

Opp gjennom åra hadde Ørsta Stålindustri teke på seg det meste av oppdrag. CombiCoat-teknologien og erfaringane med produktdesign, la grunnlaget for ein strategi der ein skulle ta på seg spesialoppdrag tilpassa resten av produksjonen. Slik landa ein den lukrative og prestisjetunge kontrakta med NSB for levering av kontaktledningsmaster til Gardermobanen. Dette gav både klingande mynt i kassa og “Merket for Godt Design” i 1996 samt fleire kontraktar på liknande master til NSB. Oppgraderinga og marknadsstrategien hadde lukkast, og i 1996 sette Ørsta Stålindustri ny omsetningsrekord med 165 millionar kroner.

bømlosambandet
Trekantsambandet mellom Stord, Bømlo og Sveio

På starten av 2000-talet vart det satsa sterkt på brurekkverk, og det blei levert ein rekordstor ordre brurekkverk, lysmaster og bergsikring til Trekantsambandet Bømlo – Stord – Fitjar. Produksjon av laksemerder gjorde det også godt og Viking Global i Stongfjorden blei oppkjøpt. Det var høg produksjon og god inntjening, men etter om lag 4 år var plassbehovet så stort at produksjonen blei flytta til Polen.

I 1999 hadde Ørsta Stålindustri kjøpt 70 % av aksjane i Lade Metall, og via dette blei Nordstål ein del av Ørsta Stål-gruppen. Smekab AB vart kjøpt og namnet på konsernet skulle vere Ørsta-gruppen. Ørsta Marina Systems skilde seg ut som eige selskap, Ørsta Pomerania starta opp i Polen, ØS Trading vart etablert i Kina. Safeline blei utvikla og Ørsta Brurekkverk fekk gjennombrot for eksport til Latvia.

sicuro brurekkverk
Sicuro ARC med brøytetette panel

Parallelt satsa Vik Verk knallhardt. I sterk konkurranse med Ørsta blei brurekkverket Sicuro ARC utvikla og levert. Sveiserobot kom på plass og produserte mellom anna ABC-terminalar og brakettar til Gardermobana. Ny galvehall sto ferdig i 2008 og blei teken i bruk året etter. Den nye sinkgryta markerte eit stort skilje i før og etter med nesten dobbelt så stor produksjonskapasitet som før. No hadde ein produksjonskapasitet på 6,4 tonn/t og ei gryte som var heile 2,5 m djup samanlikna med den gamle som berre var 0,8 m.

I 2007 fusjonerte Ørsta-gruppen med Euroskilt og danna konsernet Saferoad

Saferoad vaks gjennom tiåret via oppkjøp av trafikksikringsbedrifter i Europa, og 2600 tilsette i 23 land fortel om eit konsern i ekspansjon. Hovudkontoret vart etter kvart flytta frå Ørsta til Oslo, og i 2008 vart Saferoad selt frå Reiten & co, familiane Aam og Bjørdal, Erling Tvete AS og ei rekke andre aksjonærar til private equity selskapet Nordic Capital. Etter ein kort periode på børs frå 2017 gjekk FSN Capital inn som nye eigarar av  Saferoad i 2018.

Saferoad er no organisert i fire divisjonar:

  • Restraint Systems
  • Infrastructure
  • Traffic
  • Services

Vik Ørsta høyrer til under Restraint Systems og Infrastructure.

vik_orsta_original_logo_2008

Frå konkurrentar til partnarar

2008 er året då to bedrifter blir ei: Vik Ørsta! Den totale fagkunnskapen, erfaringa og spennvidda til dei to verksemdene har vist seg å vere ein perfekt kombinasjon.

Konkurrentane Ørsta Stål og Vik Verk fusjonerte i 2008 og danna det nye selskapet Vik Ørsta. Forretningsområda var no: lysmast, bergsikring og trafikk. Etter fusjonen til Vik Ørsta blei arbeidet med å skape ein mest mogleg effektiv verdikjede med minst mogleg sløsing sett i gong. Prosessen er mest kjent som LEAN-filosofien, og gav store forbetringar i heile verdikjeda, både i Vik og i Ørsta.

I 2013 kom Ørsta Marina Systems tilbake igjen i Vik Ørsta som avdeling Marina. Stadig fokus på forbetringar i kombinasjon med automatisering og bygging av produksjonslinjer førte til at bedrifta var konkurransedyktig i møte med produkt frå lågkostland.

Sjølvbygd lysmastfabrikk

Det neste store månelandingsprosjektet var planlegging, konstruksjon og bygging av ny heilautomatisert linje for produksjon av avtrappa lysmaster. Dette blei eit viktig prosjekt for å vere konkurransedyktige i framtida. At ein kunne klare å få til å bygge noko slikt med eigne ressursar var heilt unikt.

Sjølvbygd lysmastfabrikk

Den nye lysmastlinja kosta 25 millionar og vart offisielt opna i 2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale. Fabrikken produserer i snitt 75 stk tre-seksjonsmaster og 100 stk to-seksjonsmaster per skift, som er nok til å dekke behovet til både Vik Ørsta og søsterselskapet Moramast i Sverige.

Fokus på miljørekneskap og ny rekordomsetning

Fokuset på miljørekneskap auka i bransjen, og for å vise kor lite miljøavtrykk produkta til Vik Ørsta laga samanlikna med andre konkurrentar blei det stort fokus på å utarbeide EPD (Environmental Product Declaration) for alle produkt. Samtidig sette bedrifta ny omsetningsrekord i 2019 på over 700 millionar, med 300 tilsette.

Ny avdeling for designlysmaster

I januar 2021 bytta Saferoad-selskapet Stolper AS namn til Vik Ørsta Design, og ei ny avdeling for designlysmaster kom på plass i Ørsta. Marknadsområda vart no lysmast, marina, rekkverk, bergsikring og design.

Deichmanske - Glenn Røkeberg

Framifrå arbeid internt gjorde at ein i 2022 kunne ta produksjonen av rekkverksproduktet SafeEnd tilbake til Ørsta frå Polen, då ein kom fram til ein produksjonsprosess som var smartare og meir lønsam enn prosessen eksternt. Prosessen som tidlegare hadde kravd to omgongar med mellomlagring og bytte av lokasjon kunne no utførast som ei oppgåve, på same plass. Alt takka vere kreative og kunnskapsrike tilsette i Vik Ørsta.

nordøyvegen

75-årsjubileum

I 2022 feira vi 75-årsjubileum, og sjølv om det er mykje å vere stolt over når vi ser oss attende, er blikket stadig retta framover. Vik Ørsta er eit kroneksempel på korleis norsk industri er på sitt beste, og slik skal det halde fram i all overskodeleg framtid. Vi trur at norsk industri er vegen å gå også i framtida.