Maincontent
Startskotet har gått for SAFELINE™ - i Haparanda
Vik Ørsta AS knytter store forventningar til produktserien SAFELINE™. Og i byrjinga av september fekk SAFELINE™ startskotet sitt i Haparanda i Sverige, der eit bortimot komplett produktsortiment står ferdig og utgjer ein stor del av den om lag 500 meter lange strekninga over grensa til Finland. Vegstrekninga vert m.a. i svenske fagblad omtala som ei av dei vakraste i landet.

SAFELINE™-serien består i Sverige av fleire typar brurekkverk, støyskjerm, vegrekkverk og midtrekkverk, skiltstolpar og portalar, lysmaster og armaturar.
Avdelingane Trafikk og Lysmast har hatt stor fokus på SAFELINE™ dei siste åra, etter at Svenska vägverket i arkitektåret 2001 gjennomførte ein designkonkurranse for trafikktryggingsutstyr.
Konkurransen vart vunne av den danske designaren Henning Solfeldt i PLH Design, og dåverande Ørsta Stål vann fram i konkurransen om å få vere produsent med alle produktrettar. Satsinga har hatt stor fokus heilt til topps i Svenska vägverket.

Dyraste vegprosjektet i Sverige
- Dette er første prosjektet vårt med SAFELINE™. Og sjølv om Haparanda-prosjektet ikkje vert rekna som særleg stort, er det likevel eit prestisjeprosjekt i Sverige. Den kring 500 meter lange vegstrekninga har kosta over 50 millionar svenske kroner og er dermed det dyraste vegprosjektet i Sverige målt i pris per meter. Dette har rett nok ikkje berre med prisen på SAFELINE™ å gjere. Det aller meste var påkosta, fortel salssjef Oddvar Myklebust i avd. Trafikk.
 |
| Dei fem gjenverande frå prosjektgruppa til SAFELINE™. F.v.: Oddbjørn Nes, Vik Ørsta, Oddvar Myklebust, Vik Ørsta, Stig Krøvel, Vik Ørsta, Henning Solfeldt, PLH Design og Bengt I. Johansson, Svenska Vägverket. |
Han er ein av dei som har vore med i prosjektgruppa for SAFELINE™ heilt sidan starten.
Media og deltakande aktørar hadde stor fokus om opninga i Haparanda den 3. september, og Myklebust deltok på opninga saman med salssjef Stig Krøvel, avd. Lys, utviklingssjef Oddbjørn Nes, teknisk sjef Dag Rune Kalvatn, avd. Trafikk, og ikkje minst prosjektingeniør Mats Andersson. Andersson er sentral i SAFELINE™-satsinga i Sverige, og skal koordinere og styre prosjekta.
Viser heile produktspekteret
Til Haparanda-prosjektet har Vik Ørsta levert om lag heile produktspekteret i SAFELINE™-serien, og prosjektet er dermed representativt for kva SAFELINE™ har å by på. Tilbakemeldingane på produkta var veldig gode.
- Dette var berre startskotet. Snart startar vi første leveringa av SAFELINE™-produkt til den første av mange bruer i E6-prosjektet i Bohuslän. Der skal vi i første omgang levere rekkverk til ein av parsellane, Lugnet-Skee, på vegstrekninga mellom Strømstad og Gøteborg, fortel Myklebust.
Tidlegare har Vik Ørsta også levert SAFELINE™ støyskjermar til Tyresövägen i Stockholm. Eit nytt flott prosjekt.

Stor tru på SAFELINE™
Kontrakten Vik Ørsta AS har med Svenska Vägverket går ut på at Vägverket har forplikta seg til å kjøpe SAFELINE™-produkt for 65 millionar svenske kroner innan år 2011. Men Myklebust har stor tru på meir sal enn det som går innanfor kontrakten.
- Produktgruppa SAFELINE™ går inn i sortimentet vårt på lik linje med andre produkt og –seriar. Vi har full råderett i alle land. Tilbakemeldingane på SAFELINE™ er svært gode, og vi ventar at salet av SAFELINE™ vil ”ta av” også her i landet. Vi er allereie i sluttforhandlingane om vårt første trafikkprosjekt med SAFELINE™ her i Noreg. M.a. gjelder dette støyskjerm og rekkverk, fortel Myklebust.